Frivilligsentralen inviterte frivillige i bygda til adventsfest. Arrangementet samla rundt 130 menneske til middag og dessertbord.
Denne dagen er det viktig å få takke alle desse fantastiske frivillige som heile året bidreg til eit varmare samfunn på ulike måtar.
Nok ein gong vart middagen, lapskausen, kokt av kokkane våre på Fønix Kjellaug Roald og Odd Lystrup, stor takk både til dei og alle andre som hjalp til for å gjere festen koselig. Vi vil takke for mange og ulike gåver også denne dagen.
Heile året får vi bekreftelser på at Frivilligsentralen er ein viktig møteplass i bygda. «Oskarsjåførane» gjer det mulig for fleire å bo lenger heime,og det er viktig å ha ei hand å halde i på veg til lege/ sjukehus.
Dette er mellom dei tilboda Frivilligsentralen kan tilby takka vere engasjerte og rause menneske blant oss som stille på for andre.
Stor takk for all velvilje vi møter i kvardagen, alle bidrag er for oss like viktige.