Frivilligsentralen

Frivilligsentralen i Sykkylven starta rundt 1990, og var av dei første i landet. Sykkylven kommune er eigar av sentralen, og har to( politisk valde) av fem representantar i styret. Dei andre tre kjem frå frivillig sektor Etter å ha nytta gamle «Skotte butikken» til lokaleein del år, har no Frivilligsentralen etablert seg i «eige hus».  Kontoret er i tilknytning til Aktivitetshuset Fønix og vi får dermed samla det meste under same tak.

Utviklinga for Frivilligsentralen har ikkje berre med nye lokale å gjere, det har også vore ei stor utvikling med tanke på tilbod . Aktivitetshuset opna for meir aktivitet og det er lettare for fleire å delta.

Her kan ein kome med sin kunnskap og dele med andre, enten det er av praktisk art eller med å delta i «praten» rundt bordet.

Styret for Frivilligsentralen har det overordna ansvaret for Fønix, og dgl.leiar koordinerar aktivitetane  på lik line med andre aktivitetar Frivilligsentralen organiserar, for eksempel Oskar bilen, Natteravn, Fylgje tjenesta, Flyktningetiltak og anna som du kan lese meir om på sida vår.

Frivilligsentralen samarbeidar med fleire lag og organisasjonar og nokre samarbeids prosjekt vil vi presentere nærare, for eksempel Røde Kors omsorg og Brukar organisasjonane i Sykkylven.

Vil du vite meir om Frivilligsentralen er det berre å kome innom kyrkjevegen 59, andre etasje eller inngang Fønix.

Comments are closed.