Skapande Hender hadde skipingsmøte 14 januar 2014 og har til formål å samle menneske med interesse for handarbeid av alle slag, til fellesskap, inspirasjon og hygge.
Laget er sjølstendig og skal ikkje meldast inn i nokon sentral organisasjon.
Styret skal ha leiar, skrivar, kasserar og to styremedlemmer som velges av årsmøtet.
Aktivitetar:
Medlemsmøte minst 8 gonger i året, med tema, servering og utlodding. Primært for medlemmer/dei som ynskjer å verte medlemmer.
Strikkekafè 8 gonger i året, for alle interesserte.
Kurs 2 – 4 i året avhengig av interesse. T.d. skinnfell, plantefarging, spinning, strikking, hekling, lefsebaking, lappetekninkk og saum.
Helgesamling 1 langhelg i året.
Medlemsmøte og strikkekafè skal vere på Fønix, kl 1900