No er gjengen frå Sykkylven ungdomsskule tilbake, med fleire. Denne gangen tilbyr dei nye tjenester for folk som er einsame eller som treng ekstra hjelp heime som f.eks; støvsuging, vaske vindu, bere ved, klippe plen og måke snø eller berre eit besøk for å snakke. Dei er her kvar onsdag frå 13:30 til 15:00.
Her er elevar som strikkar for å hjelpe ein organisasjon som heiter «Strikk for livet». Det er også fleire som held på å planleggje loddsal og nokre som bakar kake/lagar dessert til torsdagsmiddag. Dei lagar også visittkort som dei skal dele ut der det står litt informasjon og kva dei gjer og korleis ein kan nå dei.
Pingback: Muffins til torsdagsmiddagen. | Fønixhuset