Alle til topps

På toppen

På toppen

Søndag 29.mai arrangerte 11 frivilligsentraler på Sunnmøre fjellturer i sine respektive kommuner. I Sykkylven gjekk turen til Fagrefjellet i strålande sol, naturen vår viste seg frå si beste side
Frivilligsentralen her tok kontakt med vaksenopplæringa og flyktningkontoret som var positive til å vere med på arrangementet.

Vi registrerte 146 deltakere med smått og stort, vi var også spesielt glade for at fleire av våre nye sambygdinga tok turen. Det var nok første fjelltur for mange denne dagen, og vi voner det gav inspirasjon til fleire turar.
Arrangementet var vellykka og, spesielt premiane til de yngste var populære. Populært var det også at vi overraskende fekk trekkspelmusikk til matpausen vår. Ein ung mann frå Ukraina hadde tatt med trekkspel og gleda alle tilhøyrarane med flotte tonar.

Musikk til maten.

Musikk til maten.

 

 

 

 

 

 

 

Ny stien i bruk.

Den nye stien er i bruk.

De fleste av oss gikk den nye ( nesten ferdige) trasèen som ein gjeng frivillige entusiastar har jobba for å få til. Stor takk for det nyttige tiltaket, og no ser vi fram til at vegen vert ferdig og enda fleire kan få gleda av naturopplevelse på Fagrefjellet. Det vil verte ein godt tilrettelagt tursti også for folk med nedsatt funksjonsevne. Per Atle fortalte om planane på toppen denne søndagen. Stor takk til initiativtakarane til nyestien, og dugnadsfolka som stend på for felleskapet.
Takk også til butikkane som sponsa premiar til barn og vaksne.
Vil til slutt og ikkje minst takke alle frivillige som var med for å sikre alle sider ved arrangementet.

Matpausen med kjempe flott utsikt til bygda.

Matpausen med kjempeflott utsikt til bygda.

Da er dei endelig på toppen

Da er dei endelig på toppen

Gammle råsa er også i bruk.

Gamleråsa er også i bruk. (for dei litt sprekare)

Utsikta fra Fagrefjellet.

Utsikta fra Fagrefjellet.

Bookmark the permalink.

Comments are closed.