Haustaktivitetar 2016

Inger Anne Midtgård

Inger Anne Midtgård

Sommeren 2016 hadde Inger Anne Midtgård sin debututstilling på Fønix. Ho stilte ut oljemaleri,og ho var godt fornøgd med responsen.

Vi har starta opp igjen med torsdagsmiddagane og vil minne våre pensjonistar på det. Vi har fortsatt dei same frivillige til aktiviteten med Kjellaug eller Odd som kokkar.

Tirsdag 20.9. kjem barnehagebesøka i gang igjen

Onsdag 14.9. hadde vi eit planleggingsmøte med elevar frå ungdomskulen,
dei vil starte opp igjen med « Innsats for andre».

Sørstranda skule med 4.klassingane vil få formingsaktivitetar (maling) på Fønix denne hausten.
Det vert også på ein del onsdagar.

Angåande malekurs for barneskulane er det berre å ta kontakt dersom det er noko for din skule.
Vi har fullt i haust, og det er greit å melde sin interesse i god tid.

Vi kjem tilbake med meir informasjon etter kvart.

 

Air-hockey blir løftet opp på lastebilen.

Air-hockey blir løftet opp på lastebilen.

Etter ferien fekk vi ein god beskjed frå Inger ved «Open Storhall». Ho hadde eit biljardbord og air -hockey til overs,  og tenkte vi skulle få ta over desse.
Det var for oss ei grei gåve ,og vi mobiliserte både kranbil og mannskap for å få flytta spela.

Då må oss berre håpe at bygda vil bruke gåva vi har fått slepa inn i kjellaren på Fønix.

Biljardborde blir slept inn i kjelleren.

Biljardborde blir slept inn i kjelleren.

Kranbil

Kranbil

Takk til Cato som hjelpte til med transport og kran

Takk til Cato som hjelpte til med transport og kran

Kranbil

Kranbil

Med LHL-Sykkylven til Ona

Ona

Ona

For ei tid tilbake fekk medlemmane i LHL-Sykkylven tilbud om å være med på tur til Ona, ei øy ut i havet utenfor Romsdalskysten. Turen var tidfestet til laurdag 3. September. Dette ble godt mottatt med interesse av fleire. Det vart til slutt mange nok til at turen kunne arrangeres. Det store spørsmålet var korleis blir været, for meldingene såg ikkje så lyse ut akkurat denne dagen.

Lørdag 3. Sept. kl. 0745 i lett overskyet vær møtte 18 forventningsfulle turdeltakere opp ved BOS-senteret. Der vart vi plasserte i fem biler og satte kursen mot Ona. Om bord på ferja fra Brattvåg til Harøya, orienterte Ingfrid Tangen om øygruppa Ona som består av Ona og Husøya. På det meste, etter andre verdenskrig, var det bortimot 370 innbyggere, i dag er det 17 fastboende. Ei fin avveksling for å gjere turen kortare.

Det vart litt venting på ferja på Finnøya, og der nytta Ståle anledninga til å prøve fiskelukka. Fisk fekk han, men den var forliten til å koke. Endeleg kom ferja og vi kunne gå om bord.

Vel framme og ilandstiging fra ferja gikk vi på eigen hand og utforska øya. Vi var en tur opp i tårnet på «Ona fyr» som ble bygget 1876 og er 14,7 meter høyt og ligger på øyas nest høyeste punkt «Onakalven». Vi besøkte museet Steffogarden, som vart bygd i 1793. Det har budd mange generasjonar sidan den tid. Den siste som budde der fram til 1987 var Eilert Husøy. Nokon besøkte kirkegarden, som har ein spesiell mur, laga av runde steinar.

 

Ståle nytta anledninga til å prøve fiskelukka

Ståle nytta anledninga til å prøve fiskelukka

18 forventningsfulle turdeltakere

18 forventningsfulle turdeltakere

Steffogarden

Steffogarden

 

 

 

 

 

Les meir