Om Fønixhuset
Fønixhuset er eit hus der alle menneske kan treffast og vere saman om ulike aktiviteter, uavhengig av alder eller nasjonalitet.
-
Nyaste innlegg
Utstyrssentralen har flytta til nye lokaler
25. juli 202417. MAI KAFÉ
16. mai 2024Opningstider
4. april 2024Julaftan på Fønix
7. desember 2023Markering av Frivilligheita sin dag
5. desember 2023
Aktivitetshuset
Fønixhuset håper å kunne tilby aktiviteter på tvers av alle interesser og aldersgrupper, som er åpne for alle. Du treng ikkje medlemskap i nokon organisasjon for å delta i aktivitetane. Med i alle aktivitetane håper vi å ha deltakelse fra både fagfolk med kompetanse og andre nybegynnarar med ønske om å lære seg noko nytt. Med Fønixhuset håper vi på eit mylder av liv og røre frå tidleg føremiddag til langt utpå kvelden.
Kontakt oss
Kontakt Frivilligsentralen idag Telefonnummer: 90733379
Forfatter: Audun Gautvik
Siste innsats før ferien i kjellaren.
Alle til topps
Søndag 29.mai arrangerte 11 frivilligsentraler på Sunnmøre fjellturer i sine respektive kommuner. I Sykkylven gjekk turen til Fagrefjellet i strålande sol, naturen vår viste seg frå si beste side
Frivilligsentralen her tok kontakt med vaksenopplæringa og flyktningkontoret som var positive til å vere med på arrangementet.
Vi registrerte 146 deltakere med smått og stort, vi var også spesielt glade for at fleire av våre nye sambygdinga tok turen. Det var nok første fjelltur for mange denne dagen, og vi voner det gav inspirasjon til fleire turar.
Arrangementet var vellykka og, spesielt premiane til de yngste var populære. Populært var det også at vi overraskende fekk trekkspelmusikk til matpausen vår. Ein ung mann frå Ukraina hadde tatt med trekkspel og gleda alle tilhøyrarane med flotte tonar.