Nilo

Ein ny frivillig medarbeidar heiter Nilo, og ho skal vere her ein periode denne våren. Grunnen til dette er for det første, at ho vil hjelpe til, vere sosial og bli kjent med nye folk, spesielt eldre. For det andre skal hun søke universitet i utlandet og et av krava for å bli opptatt, var å jobbe med frivillig arbeid. Nilo seiar at Fønix er ein spanande møteplass, og at ho får mykje igjen for å delta.

Per Grønli

Fra venstre: Karianne Stølen, Per Grønli og Brill.

Fra venstre: Karianne Stølen, Per Grønli og Brill.

Per Grønli har dei siste åra vore knytt til Fønixhuset som frivillig i formgjeving for barneskuleelevar. Han synes det er interessant, og kjekt å kunne vere til nytte etter at han vart pensjonert lærar. Ein viktig hobby for Per er malarkunst. Vi ser ofte at bilda hass er inspirert av Sunnmørs- og Sykkylvsfjella. Dette er noko Sykkylvingane, og skuleelevane sett pris på. Vi er heldige å får låne nokre av kunsverka han har mala til utstilling på Fønixhuset.