Håvard Johan Eliassen vann turneringa.
Han vann ein feiande flott fotball frå Intersport Sykkylven – men sjølv om premien var rund og fin, er vi alle samde om at her var det heider og ære som verkeleg var den store premien. Stoltheita til ganske mange ungdommar, sto på spel.
Det var tjue personar påmeldt turneringa, og det var mange som var til stades berre for å vere vitne til hendelsen. Alt i alt var det ein kjempesuksess, med mykje moro!