Etter nær 17 år som dagleg leiar ved Frivilligsentralen i Sykkylven,
overlèt Marit Winsrygg stafettpinne vidare til Morten Oksavik, som tok til i jobben 2. januar i år.
Morten Oksavik kjem frå Ålesund, men er no busett i Skodje kommune.
– Eg har i mange år arbeidet med menneske og synest det er viktig å kunne hjelpe andre. Det gjer meg heil, seier Morten.
– For meg er det også viktig at Frivilligsentralen er for alle, i alle aldrar, seier han.
Morten seie også at han gler seg, men kjenne at dette blir som å hoppe etter Wirkola.