Vi markerar 10 års jubileum og opning av kjellaren på FØNIX

Mandag 8.mai vil vi servere internasjonal mat frå fleire land. Alle velkomne innom 11.00 – 15.00

Tirsdag 9.mai kl. 11.00  vil kjellaren bli offisielt opna.

Med stor takk for innsatsen ønsker vi alle som har gitt av tida si til hjelp med restaureringa hjarteleg velkomne.
Likeså inviterar vi spesielt alle som har støtta oss økonomisk og med andre gåver.

Ope hus for alle i bygda også denne dagen. Vi serverar pizza og kake så langt det rekk.

Onsdag vil elevar frå ungdomskulen invitere pensjonistar frå Bua`s til ei lita kaffistund og elles er her vanleg ope

Torsdag er det som vanleg pensjonistmiddag

Vi håpar at mange vil ta turen innom ein el. fleire av dagane denne veka,
vi viser stolt fram kjellaren til alle som vil sjå,- og kanskje etterkvart vil bruke.