Eit ja-menneske

Anders er utdanna rørleggar og eit ja- menneske.

Anders er utdanna rørleggar og eit ja- menneske.

Frivilligsentralen er så privilegerte at vi også har fagfolk som stille på dugnad, Anders er utdanna rørleggar og eit ja- menneske.

Anders i sving med å montere utekran på Fønix

Anders i sving med å montere utekran på Fønix

Her er han i sving med å montere utekran på Fønix, det skal vere godt å slippe slange gjennom heile huset når vi skal vaske vindu til 17. mai og i andre samanhengar. Takk Anders!

Gjengen som står for heimesida

Hjemmeside teamet

Frå venstre: Stig, Audun, Helga og Petter framme

Dagleg leiar Marit, ved Frivilligsentralen vil gjerne presentere mannskapet bak heimesida vår. Dei legg ned eit formidabelt arbeid for å få ut informasjon, og formidle små og store hendingar i Frivilligsentralen og Fønix sin kvardag. Vi får mange, gode tilbakemeldinga på det som vert lagt ut, og Marit er klar på at dette er takka vere eit frivillig engasjement og dyktige menneske bak. Ho seiar at utan Audun, Stig, Petter Andrè og Helga hadde vi nok enda studert på korleis heimesida vår skulle sjå ut!

Teamet tek hand om heile prosessen med heimesida og facebook, det vil seie forarbeidet, redigering og vedlikehald/oppdateringa. Alle fire er i tillegg frivillige med ulike oppgåve, nokre  også som rettleiarar i dataopplæring for seniorar. Det er eit prosjekt vi har hatt stor suksess med i over tre år no.

Stor takk til desse flotte frivillige vi er heldige å ha her.

Vellykka skinnfellkurs

Sykkylven Skapande hender har arrangert skinnfellkurs på Pensjonistsalen. Ein skinnfell blir til av to eller fleire saueskinn, med påsydde (brude)kantar og trykk.Dette tek tid, så kurset har vore over to helgar.

Fyrste helga, 4.-6. mars, skulle det klippast til og syast. Det var sju deltakarar; dei fleste frå Sykkylven, men ei kom reisande frå Stryn for å vere med, og ei var berre på laurdagen for å ”få inspirasjon og eit spark bak til å kome i gang att”, sa ho.

Eit skinn får satt inn bøter med ull der det var uten ull, og etterpå skal det syast band over saumane

Eit skinn får satt inn bøter med ull der det var uten ull, og etterpå skal det syast band over saumane

Då vi avslutta sundag ettermiddag, hadde alle fått sydd i bøter der det trongst, og dei fleste hadde fått sydd saman fellen. Nokre hadde sydd band over bøter og samansyningssaumar, og eit par hadde begynt å sy på brudekanten.

I tida mellom denne kurshelga og trykkedagen  kunne alle som ville, ha sydd ferdig heime.

Nokre av trykkblokkene

Nokre av trykkblokkene

Les meir