Etter «inspeksjon» ein tidleg tirsdagsmorgon i februar er vi imponert over utviklinga siste dagane i kjellaren. Torgeir og Tor Lennart er ferdige med å sette inn nye vindu. Asbjørn og Torgeir er gode fagkonsulentar i arbeidet og vert viktige framover også. Vi har fått ein ny mann på laget, John, han vil no legge til rette for dugnadar vi må ha vidare.
Stig, Inge, Fred og Audun er nesten ferdige med isolering av tak og veggar, og dei ventar på rørleggar og elektrikar før dei avsluttar.
Vi treng eit par nevenyttige personar om ei god veke til festing av takplater. Om du som les dette ønskar å delta, ta gjerne kontakt.