Kvar torsdag har vi middag for pensjonistar som elles i veka sit aleine ved middagsbordet.
Det er felleskapet her som er like viktig som god mat.
Og god mat har vi hatt i alle dei åra vi har hatt dette tilbodet.
Kjellaug er den fjerde kokken som frivillig har stilt opp. Ho begynte no i haust,
og erstatta Odd som var her i fleire år etter at Svein og Margrethe starta dette flotte tiltaket.
Vi er kjempeheldige ved Frivilligsentralen som med alle tiltak har gode,
pliktoppfyllande frivillige å samarbeide med.
Sykkylven har vist seg å vere ei bygd med menneske som har stor vilje til å vere til nytte for andre.
Saman med seg på kjøkkenet torsdagane har Kjellaug hjelp av Arnhild, Janne, Anny og Elisabeth.
Alle har ulike oppgåver og viktige for å lage ei fin stund for dei 15-20 gjestane vi har rundt bordet torsdagane.
Dei fleste pensjonistane er «stamgjestar» i denne samanheng, og det set vi pris på,
men vil minne om at vi har plass til fleire!