Flott tur til Grebstadheiane

tur til Grebstadheiane

tur til Grebstadheiane

Kåseri v. Sigrun

Etter ein flott tur til kraftlina på Grebstadheiane der Kjell Jarle orienterte oss om utbygging og drift av den gigantiske transformatoren, gjekk turen innom Grebstadsætra og fram til Sunndalen( Auresætra).

Vi valgte å køyre tilbake til Fønix for å ta kaffi og lunsj der, det var rett og slett for kaldt på sætra.
Sigrun med adresse BUA`S ga oss innblikk i ei svunnen tid med fokus på sætreliv på femtitalet.
Ho kom frå Ålesund og sætra på Grebstadsætra for tante og onkel sin .
Vi fekk høyre om flyttedag, gjeterdag og sætredag.
Sigrun fortalde med innlevelse om samholdet og hjelpsomheita som rådde denne tida, på sætra like godt som heime på gardane.
Ho avslutta kåseriet med ei gripande historie om kyra Fausa som ho fekk eit spesielt band til.

Alle som var med på turen ønska fleire turar på nye gjengrodde stiar.

Takk til sjåførane og kulturberarane Per og Kjell Jarle
Takk til Mia, Lillian, Amalie som la til rette maten på førehand og var med på turen.
Takk til Simen( praksiselev frå videregåande) som alltid er engasjert og til stor støtte ved arrangement m.m.
Takk også til Elisabeth og Janne som « haldt fortet» Fønix opent denne dagen.

tur til Grebstadheiane

tur til Grebstadheiane

tur til Grebstadheiane

tur til Grebstadheiane

tur til Grebstadheiane

tur til Grebstadheiane

tur til Grebstadheiane

tur til Grebstadheiane

Skapande Hender

Skapande Hender hadde skipingsmøte 14 januar 2014 og har til formål å samle menneske med interesse for handarbeid av alle slag, til fellesskap, inspirasjon og hygge.
Laget er sjølstendig og skal ikkje meldast inn i nokon sentral organisasjon.
Styret skal ha leiar, skrivar, kasserar og to styremedlemmer som velges av årsmøtet.

Aktivitetar:

Medlemsmøte minst 8 gonger i året, med tema, servering og utlodding. Primært for medlemmer/dei som ynskjer å verte medlemmer.

Strikkekafè 8 gonger i året, for alle interesserte.

Kurs 2 – 4 i året avhengig av interesse. T.d. skinnfell, plantefarging, spinning, strikking, hekling, lefsebaking, lappetekninkk og saum.

Helgesamling 1 langhelg i året.

 

Medlemsmøte og strikkekafè skal vere på Fønix, kl 1900

Støttegruppe for vaksne med overvekt

Påminning.

Kvar måndag kl. 18.00 kan folk med overvekt og som har eit ønske om vektreduksjon møtast på Fønix til samtale og støtte.

Kvinner og menn som meiner at dette tema angår dei er velkomne til å møte opp.

Aktiviteten
«Støttegruppe for folk med overvekt» er eit samarbeids pr. m. folkehelsekoordinator og frivilligsentralen.

God Helse