I dag skjer det mange og store ting i kjellaren.
Vi kan summere det slik etter mange timar med dugnadsjobbing av fagfolk og andre frivillige:
Nye vindauge er kome på plass, og tetta/mura rundt.
Røyropplegget er no i grove trekk lagt, og det same gjeld for elektriske installasjonar.
Vi hadde tradisjonen tru servering til dugnadsgjengen, då passa det bra at ordførar Odd Jostein stakk innom til ein suppetallerken.
Framover er vi glade om nokon i bygda kan vere med å skru takplate
og ferdigstille taket. Truleg vert dette om ei god veke.
Ta kontakt på tlf.90733379 om du kan hjelpe.
Takk til dei flotte karane som har vore her i dag, og god helg.
Se også: Oppdatering om framdrift i kjellaren
Pingback: Nyinvestering på kjøkkenet | Fønixhuset