Vellykka skinnfellkurs

Sykkylven Skapande hender har arrangert skinnfellkurs på Pensjonistsalen. Ein skinnfell blir til av to eller fleire saueskinn, med påsydde (brude)kantar og trykk.Dette tek tid, så kurset har vore over to helgar.

Fyrste helga, 4.-6. mars, skulle det klippast til og syast. Det var sju deltakarar; dei fleste frå Sykkylven, men ei kom reisande frå Stryn for å vere med, og ei var berre på laurdagen for å ”få inspirasjon og eit spark bak til å kome i gang att”, sa ho.

Eit skinn får satt inn bøter med ull der det var uten ull, og etterpå skal det syast band over saumane

Eit skinn får satt inn bøter med ull der det var uten ull, og etterpå skal det syast band over saumane

Då vi avslutta sundag ettermiddag, hadde alle fått sydd i bøter der det trongst, og dei fleste hadde fått sydd saman fellen. Nokre hadde sydd band over bøter og samansyningssaumar, og eit par hadde begynt å sy på brudekanten.

I tida mellom denne kurshelga og trykkedagen  kunne alle som ville, ha sydd ferdig heime.

Nokre av trykkblokkene

Nokre av trykkblokkene


Trykkedagen 3. april var alle spente på korleis trykket ville bli. Nokre hadde gått kurs før og hadde halvveges ein plan for korleis dei ville ha det. Andre måtte prøve seg fram: La papirkopiar på fellen, tok bilete, vurderte, bytte til andre kopiar, tok nytt bilete før dei bestemte seg.

Papirkopier av blokkene lagt på fellen for bildetaking

Papirkopier av blokkene lagt på fellen for bildetaking

Til slutt var det ivrige damer i full gang med å trykke på fellane.

Djup konsentrasjon for å få trykket så beint som mulig

Djup konsentrasjon for å få trykket så beint som mulig

 

Djup konsentrasjon for å få trykket så beint som mulig

Djup konsentrasjon for å få trykket så beint som mulig

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Fleire av deltakarane tinga eit nytt kurs til hausten. Første halvdel av oktober kan vere fin, for rekk ein å trykke  før jul. Nokre ynskte også kurs i ”småsaum” som huer, vottar, skjerf og tøflar.

……. Og så får vi sjå om det er fleire som vil vere med slik at vi kan finne ei passande helg til kurs.

Ein nesten ferdig fell, denne manglar brudekanten

Ein nesten ferdig fell, denne manglar brudekanten

Ein stolfell med utprøving av nye blokker og kurshaldar Karin Ormbostad

Ein stolfell med utprøving av nye blokker og kurshaldar Karin Ormbostad

ferdige fellar

ferdig fell

ferdige fellar

ferdige fellar

 

 

 

 

 

 

 

Se også: Alt fra reprasjon av spinnerokker til ballmiddag

 

Bookmark the permalink.

Comments are closed.